Strategisk
kommunikasjon i
sjukehussektoren,
LIHCOM
Rokkansenteret fekk
nyleg tilslag på ein
søknad til Noregs
forskingsråd (FRISAM)
om midlar til
prosjektet
”Legitimacy,
identity, hierarchy:
Strategic
communication in the
hospital sector” (LIHCOM).Utgangspunktet
for prosjektet er
det faktum at
sjukehusføretaka i
dag bruker store
ressursar på
kommunikasjonsverksemd
og at omdømmet til
den enkelte
sjukehusorganisasjonen
vert sterkt
vektlagt. Prosjektet
studerer ulike
aspekt ved denne
utviklinga: For det
første skal det
undersøkja korleis
strategisk
kommunikasjon i dag
vert brukt for å
legitimera sjukehusa
overfor omgjevnadane
og korleis dette
tilhøvet stilte seg
i tida før dei
omfattande reformene
i sektoren som
kulminerte med
føretaksreforma i
2002. Vidare skal
prosjektet studera
korleis strategisk
kommunikasjon er eit
hjelpemiddel for å
utvikla
organisasjonsidentitetar
i sjukehusvesenet og
korleis dette vert
oppfatta internt i
organisasjonane og i
media. Endeleg skal
prosjektet studera
korleis strategisk
kommunikasjon er ein
styringsreiskap
internt i
sjukehusorganisasjonane,
i kva grad han er
eit hjelpemiddel for
å byggja hierarkiske
styringsstrukturar.
Prosjektet er eit
samarbeidsprosjekt
mellom
Rokkansenteret,
Institutt for
statsvitenskap,
Universitetet i
Tromsø og Center for
Health management,
Copenhagen Business
School.
Prosjektleiar er
Haldor Byrkjeflot.
Andre
prosjektdeltakarar
frå Rokkansenteret
er Svein Ivar Angell
og Birte Folgerø
Johansen.
LIHCOM hjemmeside
Aktuelt:
"Omdømmesamfunnet - Det er prippent, rettsløst og det er ingen vei ut. Nå brer omdømmesyken seg til staten"
Dette er overskriften i Morgenbladets artikkel om omdømmearbeid i sykehusene. Haldor Byrkjeflot og Svein Ivar Angell uttaler seg på bakgrunn av sine studier av omdømme og kommunikasjon i helseforetak. Les hele artikkelen i Morgenbladet |
|