|
Svein Ivar Angell
Forsker, Dr. Art. ved Historisk institutt
Universitetet i Bergen 2002
Prosjekter:
Kommunikasjonsregimer i offentlege organisasjonar (Finansiering NFR/ATM)
"Ytringsfridom for sjukehustilsette" (Finanisering:
stiftelsen "Fritt ord")
Dette prosjektet tek føre seg tilhøvet mellom
institusjonslojalitet og ytringsfridom hjå tilsette innanfor
sjukehussektoren. Det overordna målet for prosjektet er å gje tilskot
til ordskiftet og medvitet kring denne type problemstillingar både hjå
aktørane sjølve og i samfunnet elles. Dette skal for det første oppnåast
ved å kartleggja i kva grad vilkåra for ytringsfridomen til tilsette
innanfor sjukehussektoren er annleis no i høve til tida før det vart
innført nye eigarskapsmodellar i sjukehussektoren i 2002. Vidare skal
prosjektet auka forståinga av institusjonelle tilhøve som påverkar dei
tilsette sin ytringsfridom. Endeleg er det eit mål for prosjektet å
fremja dialog kring desse spørsmåla både mellom dei ulike aktørane i
sektoren – leiarar, tilsette på dei ulike nivåa,
fagforeiningsrepresentantar, pasientgrupperingar osb. – og samfunnet
elles.
Publikasjoner:
Angell, Svein Ivar og Haldor Byrkjeflot (2005): Privatization from
the inside? The new communication strategies in the Norwegian hospital
sector. Paper til NFF 2005 i Århus.
Email: svein.angell@rokkan.uib.no |