POLIS ved Rokkansenteret inviterer til seminar omVARSLING OG OMDØMME I HELSESEKTOREN
Tid: Torsdag 16. mars kl. 13.00
Stad: Rom 6205, 6. etg., Stein Rokkans Hus, Nygårdsgt. 5
Dei siste åra har det versert ei rekkje saker i media om vilkåra for varsling –
eller ”whistle blowing” – i helsesektoren. Desse sakene har i stor grad dreidd
seg om tilhøvet mellom dei tilsette sin lojalitet overfor arbeidsgjevaren og
retten dei har til å ytra seg offentleg om tilhøva på eigen arbeidsplass. Mange
hevdar at vilkåra for varsling har vorte svekka i kjølvatnet av dei nye leiings-
og organisasjonsformene som pregar offentleg sektor. I dag er det viktig for
offentlege institusjonar å hegna om omdømmet sitt, noko som òg set nye krav til
måten dei kommuniserer på. Det har vorte sentralt å styra kva bilete av
institusjonane som kjem ut i media, og det har og vorte viktig å ha ein strategi
for kven som ytrar seg i media og på kva måte dette skjer.
Kva vilkår har tilsette i helsesektoren for å varsla i dag? Korleis er
samanhengen mellom det nye reformregimet og kommunikasjonspraksisar i
helsesektoren?
Program:
13.00-13.15: Introduksjon ved Haldor Byrkjeflot,
forskar II ved Rokkansenteret
13.15-13.45: Marit Skivenes, førsteamanuensis Institutt for utdanning og
helse/forskar II ved Fafo: Varsling i norsk arbeidsliv
13.45-14.00: Pause
14.00-14.30: Svein Ivar Angell, forskar II ved Rokkansenteret: Ytring og
kommunikasjonspraksisar i helseføretaka
14.30-15.30: Diskusjon
Seminaret vert arrangert i tilknyting til to prosjekt ved Rokkansenteret:
Autonomy, Transparency and Management, three reform programs in health care: a
comparative project (oppdragsgjevar NFR) og Ytringsfridom for sjukehustilsette (oppdragsgjevar
Institusjonen Fritt Ord).
Lenker:
Angell, Svein Ivar og Haldor Byrkjeflot (kommende): Eit skifte i
kommunikasjonen kring helsepolitikken? Ein studie av samanhengen mellom
reformer og kommunikasjonspraksiar i sjukehussektoren.
Les
abstract her
Skivenes, Marit og Sissel Trygstad (2005):
Varsling i norsk arbeidsliv. Hva betyr det og hva vet vi?
(Fafo-notat 2005:29)
Skivenes, Marit og Sissel Trygstad (2005):
Når arbeidstakere ytrer seg kritisk. En pilotstudie av et utvalg medarbeideres
erfaringer med å varsle i utdannings- og pleie- og omsorgssektoren. (Fafo-notat
2005:04)
|