|
POLIS -Vest Nettverksseminar 28.-29. september 2006
Stad: Avdeling for helsefag sine lokaler i Førde
Helseforetaket som kunnskapsverksemd
-Reformering gjennom leiing av kunnskapsprosessar?
Nettverksseminaret
i regi av HSF følgjer opp temaet frå november-samlinga 2005. Tittelen
der var Ledelse og samordning av helsetjenesten – hvordan reformere
nedenfra? Seminaret hausten 2006 kallar vi: Helseforetaket som
kunnskapsverksemd - Reformering av helseforetak gjennom leiing av
kunnskapsprosessar?
|
Tid: |
Torsdag
28.september |
Fredag
29.september |
|
11.15 |
Kaffi |
09.00 |
Petter
Øgar: Kliniske mikrosystem som utfordring til helseforetak og
undervisningsinstisjonar |
|
11.30 |
Oddbjørn
Bukve: Presentasjon av nettverket, deltakarane og prosjektet
Velferdsleiing ved HSF |
10.00 |
Gruppearbeid økt 2 (med kaffi i grupperommet)
|
|
12.30 |
Lunch |
12.00 |
Lunch |
|
13.30 |
Birte
Folgerø Johannesen: Korleis verkar dei nye
styringsformene i form av evidensbasert behandling inn på
leiing, kunnskapsforståing og organisering av psykisk
helsearebeid? |
13.00 |
Jan-Erik
Hallandvik: Kvalitetsutfordringa i helsevesenet og
helsepolitikken
|
|
14.00 |
Tove
Hovland: Forbetringskunnskapens plass
|
|
14.30 |
Kirsten
Indrebø: Evidensbasert pleie og behandling som
”grasrotutfordring” i helseforetak |
15.00 |
Plenumsdiskusjon – kor går vi vidare?
|
|
15.30 |
Kaffi
|
|
|
16.00 |
Unni
Krogstad: Introduksjon til Kliniske mikrosystem |
|
17.00 |
Gruppearbeid – økt 1 |
|
18.30 |
Slutt på
gruppearbeid |
|
20.00 |
Fellesmiddag på Pikant |
Tema 1: Evidensbasert
behandling og pleie som leiarutfordring
Kva inneber krav
om evidensbasert behandling og pleie som leiarutfordring? Har det
betydning for fagleg teamorganisering, for funksjonsfordeling i og
mellom helseforetak og for utforming av kvalitetskrav? Betyr det noko
for korleis ein leier helseinstitusjonar?
Innleiarar er:
Birte
Folgerø Johannesen, Dr. philos, Helse
Bergen og Rokkansentret
Kirsten Indrebø,
Sjukepleiar, Helse Førde
Tema
2: Forbetringskunnskapens plass
Det vert oppfatta
som sjølvsagt at dei tilsette i helseforetaka skal ha klinisk eller
profesjonell kunnskap.Krav om ”forbetringskunnskap” er ikkje like
sjølvsagt. Med dette omgrepet meiner ein merksemd retta mot analyse av
system og prosessar, kunnskap og erfaringar gjennom tverrfagleg arbeid
som fører til systematisk forbetring av eksisterande rutiner og
behandlingsformer.
Men korleis skal
leiarar i helseforetak og undervisningsinstitusjonar i praksis gripe dei
utfordringane som ”forbetringskunnskap” representerer? Har
undervisningsinstitusjonane noko rolle å spele?
Innleiarar er:
Jan
Erik Hallandvik, Dr.polit, Høgskolen i
Agder
Tove Hovland,
prosjektleiar, Helse Førde
Tema
3: Kliniske mikrosystem
Kliniske
mikrosystem kallar ein mindre, formelle eller uformelle, grupper eller
system av behandlarar som omgjev ein pasient, ei pasientgruppe eller ein
pasientstraum. I den tenkinga omgrepet representerer, vert kvaliteten på
mikrosystemet oppfatta som er avgjerande for forståinga av den samla
kvaliteten på helsetenestene. Helsetenesta kan ikkje bli betre enn
systemet kan handtere. Omgrepet er viktig i forståinga av
kvalitetsutvikling gjennom måten små sosiale og faglege einingar
fungerer som ramme for tjenesteproduksjon i meininga møte mellom
helsevesen og pasient. Tenkinga om KM representerer store utfordringar
for organisering og leiing av helseforetak og for undervisning av
helsepersonell. På same vis som det å ha forbetringskunnskap er noko
anna enn klinisk kunnskap, vil det å forstå, leie og utvikle mikrosystem
innebere andre grep enn det tradisjonelle leiaridear i helsesektoren
legg opp til. Eller..?
Innleiarar er:
Unni
Krogstad, Dr.philos, Nasjonalt
kunnskapssenter for helsetjenesten
Petter Øgar,
fylkeslege, Sogn og Fjordane
Helse Førde og HSF
inviterer deltakarane på lunch begge dagar. Overnatting kan bestillast
på
Rica Sunnfjord hotell,
Quality hotell Førde og
Sunnfjord folkehøgskule.
Påmelding til
kari.kjos@hisf.no innen 20.
september.
Lokal organisering ved HSF: Øyvind Glosvik, Kari Kjos og Anne-Grethe Naustdal
oyvindgl@hisf.no, tlf.
57 72 26 41
kari.kjos@hisf.no, tlf.
57 72 25 28
annegn@hisf.no, tlf. 57 72 25 17
 
|