Stilling som Phd-stipendiat knytt til
LIHCOM-prosjektet ved Rokkansenteret/Universitetet i Bergen
Søknadsfrist 1. september 2007.
Ved Rokkansenteret/Unifob er det ledig eit treårig Ph.d-stipend med
søknadsfrist 1.9.2007. Stipendet er knytt til temaet ”regulating
employee identities” innafor forskingsprosjektet ”Legitimacy,
Identity, Hierarchy: Strategic Communication in the hospital sector”
(LIHCOM), som er finansiert av Noregs Forskingsråd (FriSam) i
perioden 2007-2010. Strategisk kommunikasjon har blitt ein stadig
viktigare del av styringa av helsevesenet, mellom anna som ein
konsekvens av føretaksorganisering, marknadsorientering,
aktivitetsbasert finansiering og eit sterkare fokus på pasientrettar
og fritt sjukehusval. Helseføretak og helseinstitusjonar bruker i
stadig større grad ressursar på å utvikle, organisere og styre
kommunikasjonsprosessar både i forhold til media, offentligheit,
tilsette og pasientar.
Stipendet er øyremerkt ein studie av dei interne
kommunikasjonsprosessane i helseføretak og sjukehus og tilhøvet
mellom tiltak på området strategisk kommunikasjon og dei tilsette
sine identitetar. I tråd med det nye paradigmet for
omdømmeforvaltning skal det vere eit samsvar mellom den bodskapen
som vert kommunisert innetter og utetter og det vert ofte framheva
korleis dei tilsette no er den viktigaste ressursen til å formidle
eit godt omdømme til omverda. Andre aspekt som det vert lagt auka
vekt på er såkalla ”enhetlig ledelse” og dei nye krav som i eit
slikt leiingssystem vert stilt til dei tilsette om å vere lojale og
ansvarlege og opptre i samsvar med strategiar, prioriteringar og
målsetjingar til organisasjonen.
I prosjektet er vi mellom anna opptekne av implikasjonar av dette
nye kommunikasjonsparadigmet for språkbruk, tilsette sine
identitetar og tilhøvet mellom leiarar og tilsette. Innafor denne
sektoren er ulike statlege organ i stor grad involverte i utviklinga
av retningsliner og prioriteringar, og det er såleis eit interessant
spørsmål i kva grad dei tilsette sine identitetar er påverka av
overgangen fra forvaltningsorganisering til
helseføretaksorganisering, og kva rolle kommunikasjon speler i denne
samanhengen.
Meir informasjon om prosjektet kan ein finna på nettstaden
www.polis.no eller ved å kontakte prosjektleiar Haldor Byrkjeflot,
haldor.byrkjeflot@rokkan.uib.no , telefon 55583868.
Søkjarar må ha master-/cand.polit-grad i samfunnsvitskaplege fag
eller tilsvarande utdanning.
Stipendiaten skal gå inn i eit godkjent opplegg for ein PhD -grad
innafor ei tidsramme på 3 – tre - år. Kortfatta prosjektskildring
(5-8 sider) skal ligge føre saman med søknaden. Prosjektskildringa
skal gjere greie for tema, problemstillingar og val av teori og
metode. Ho skal òg innehalde framdriftsplan for dei ulike delane av
forskingsarbeidet. Ved tilsetjing vil prosjektskildringa vere
grunnlaget for opptak til PhD-programmet. Nærare opplysningar om
PhD-programmet kan ein finna på http://www.svf.uib.no/svfa/forskerutd/forsk_utd_start.shtm
.
Eventuelle spørsmål om doktorgradsprogrammet kan rettast til
seniorkonsulent Yngve Brynjulfsen, tlf. 55 589068, epost
yngve.brynjulfsen@svfa.uib.no. Ein gjer merksam på at søknad om
opptak til doktorgradsprogrammet skal ein senda først etter
eventuell tilsetjing.
Samla stipendiatperiode er på tre år. Det vil verte forventa at
stipendiaten deltek aktivt i den prosjektgruppa som er etablert i
LIHCOM-prosjektet og i seminaraktivitetar i tilknyting til
prosjektet.
Søknadsfrist 1. september 2007
Søknaden skal merkast: Sak 7/6785